Interessegrupper
Ei bedrift er heile tida avhengig av samspel med ei rekkje aktørar som inngår i ulike bytteforhold. Desse aktørane kallar vi for bedriftas interessentar eller interessegrupper.
Bidrag frå eigarane til bedrifta
Kapital
Påskjøning frå bedrifta til eigarane
Utbytte
Bidrag frå tilsette til bedrifta
Arbeidskraft
Påskjøning frå bedrifta til tilsette
Lønn
Bidrag frå långivarar til bedrifta
Lån og kreditt
Påskjøning frå bedrifta til långivarar
Renter og avdrag
Interessekonfliktar
Interessekonfliktar i ei bedrift handlar ofte om korleis verdiskapinga skal fordelast mellom dei som yter sitt til å skape verdiane - eigarane og dei tilsette.
Turbulente omgivnader
Det kan vere uro og aksjonar knytt til verksemda ved bedrifta på grunn av utslepp av miljøgifter i både luft, jord og vatn.
Kompromiss
Under lønnsforhandlingar er det spørsmål både om å gi og ta og i mange tilfelle viser det seg at partane møtest på halvvegen.
Kryssande omsyn
Motstridande omsyn der det ikkje er mogleg å sameine alle krav samtidig.